https://premium.vgc.no/v2/images/485a1444-a4ef-4faf-be62-c15525c65eb9?fit=crop&h=1267&w=1900&s=8c40466770d75809a77d66bcafb30332be213e5e
Jørn Øyrehagen Sunde har eit hat-elsk-forhold til «Tid for hage». Slik ser ein hage ut etter at arbeidslaget til TV 2 er ferdige med jobben.Foto: Pandora Film

Debatt: – Eg har eit hat-elsk-forhold til «Tid for hage» på TV 2

Sporar TV 2 til hageglede eller hageresignasjon?

by

Debattinnlegg

Eg har eit hat-elsk-forhold til «Tid for hage» på TV 2 og sponsoren Felleskjøpet.

Eg elskar dei leikne og vakre hagane dei lagar.

Eg hatar gravemaskinen og den store Felleskjøp-lastebilen med langt komne og dyre tre og planter.

Eg hatar at arbeidslaget som jobbar dag og natt, medan hageeigaren gjer seg klar for å slappa av i ein hage som er ein kulisse om det gode liv.

https://premium.vgc.no/v2/images/304f4322-10ad-45b9-b60e-9845ba846723?fit=crop&h=1267&w=1900&s=58bc44dfaf403b1ec677cd535ddba6311beecb09
Slik såg hagen og terrassen (over) ut før «Tid for hage» gjekk i gang med oppussingsprosjektet.Foto: Pandora Film

Det er litt som VM i friidrett. Eg elskar å sjå på dei fantastiske prestasjonane. Eg hatar at krava til utstyr og treningsfasilitetar gjer at friidrett er ein fritidsaktivitet for stadig færre.

Historisk har hage vore noko langt meir enn ei leikegrind for dei rike. Hage har vore ein stad der kunstnarisk utfalding og estetiske opplevingar vart tilgjengelege for heile folket. Ikkje noko anna viser dette betre enn historia til cottage-hagen.

Les også
Her kan du pådra deg smittsom hagedilla: Sjekk disse Instagram-kontoene

Cottage-hagen vaks fram, som mykje av det vi i dag tenkjer på som hagekunst, i England på særleg 1700-talet.

På dei store godsa kappast adelen om å få fatt i og driva fram eksotiske vekstar, særleg frå Nord-Amerika. Tulipantre, trollhassel og mange andre vekstar som finst i norske hagar i dag, kom til Europa då.

Det var ein konkurranse om å ha tre og planter i hagen som ikkje andre hadde.

Dei som arbeidde i dei store hagane budde i små stover – cottage på engelsk – med små jordflekkar rundt. Dei hadde ikkje plass til kunstferdig klypte hekkar og store tre rundt huset. Men dei tok med seg frø og dreiv fram planter, som dei planta saman med urter, frukttre og bærbuskar.

Dei planta tett i tett for å utnytta plassen, og resultatet vart eit vell av fargar og lukter gjennom heile sommarsesongen.

Dette vart cottage-hagen, som er populær over heile verda. For i løpet av 1800-talet vart cottage-hagen ein del av dei store godshagane.

Les også
Krybbesmauet er en turistattraksjon: Potteparadiset

I dag finn ein cottage-hagekonseptet like naturleg som ein del av hagen rundt Hampton Court, som bakhagen til eit byhus, eller som hagen rundt eit lite hus på landsbygda.

Cottage-hagen er difor ikkje berre vakker, men revansjen til kreativiteten og den personlege uttrykksviljen.

I Noreg var det for alvor først på 1900-talet at hage vart noko meir enn embetsmanns- og villahage. Hage vart ikkje berre ein stad å utfalda seg estetisk, men ein del av samfunns- og kulturløftet ved sida av skulebygg, folkebibliotek, Riksteatret og mykje anna.

Les også
Med disse plantene får du pollinerende insekter til å trives.

Når arbeidslaget til «Tid for hage» rullar opp ermene, når gravemaskin og lastebilen til Felleskjøpet rullar inn, frydar eg meg, for eg veit at resultatet vert vakkert og flott.

Men eg veit òg at få har dei ressursane som skal til, for å laga ein slik hage. Difor spør eg meg om Felleskjøpet og «Tid for hage» eigentleg sporar til hageglede, eller til hageresignasjon?

Friidrettsutøvarar bryt stadig nye barrierar. Samstundes vert folkehelsa dårlegare. Fordi medan nokre få spring fort, hoppar høgt og kastar langt, sit stadig fleire i ro.

Skal hagebruk lida same lagnaden? Vil vi få nokre vakre hagar, medan mange i staden nøyer seg med asfalt, eller i beste fall ein plen klypt av ein robotplenklyppar?