https://premium.vgc.no/v2/images/0dd333a3-815f-4688-abfd-623552e5c6de?fit=crop&h=1267&w=1900&s=3cea461698e280ad673d9808606a031aa11e238e
I 2017 vart dei første flytande havvindturbinane slept ut frå Stord, på veg til Skottland. Omlegginga til fornybar har byrja, men førebels blir det smått i høve til det øya risikerer å tape av oljeoppdrag. Framtida til øykommunen og resten av oljenær industri ligg no i Stortingets hender, skriv BT-kommentator Hans K. MjelvaFoto: Bård Bøe

«Dei neste vekene vil avgjere mykje av framtida for norsk økonomi»

Dei neste vekene vil avgjere mykje av framtida for norsk økonomi.

by

Onsdag 20. mai gløda det av dempa vestlandsk kampvilje i Valhall, konferansesalen på Stord Hotell. Koronakrisa er i ferd med å treffe landets mest oljeavhengige kommune som ei flodbølgje.

Gløden var retta mot regjeringa og andre, som meg, som ikkje meiner oljenæringa skal få ei skattelette akkurat slik dei sjølve har snikra saman.

Det er ikkje vanskeleg å ha sympati med folket på Stord. Allereie i august vil den store industribedrifta Leirvik AS vere heilt utan arbeid. Offshoreoppdraget som skulle sørgje for liv i hallane til hausten, forsvann då oljeprisen stupte i mars.

Redninga, slik dei ser det, er oljenæringas sitt eige skatteforslag. Ifølgje oljeselskapa vil det redusere kostnadene så mykje at nye felt kan tole at oljeprisen fell med ti dollar fatet ekstra, utan at felta går i minus. Det vil utløyse fleire titals milliardar i nye utbyggingar, lovar selskapa.

Les også
Hans K. Mjelva: Oljepanikk på Stortinget

Dei neste vekene kan fort bli historiske. Fredag kjem regjeringas grøne tiltakspakke for næringslivet, og 4. juni skal finanskomiteen på Stortinget levere si innstilling til støttepakken for oljenæringa.

Spørsmålet om å forlenge oljealderen eller å omstille norsk næringsliv vekk frå olje, blir no sett på spissen som aldri før. Det er ikkje lenger ein akademisk diskusjon.

Dei vala som blir gjort dei komande vekene, vil få store følgjer for alle som lever av å produsere for oljeselskapa, som leverandørindustrien på Stord.

Men ikkje berre ved at eit nei til oljenæringas forslag vil føre til tap av arbeidsplassar langs kysten. Skal den grøne krisepakken vere verd noko, må den sørgje for at leverandørindustrien overlever.

For alle som bestemmer noko her i landet, er samde om at kompetansen i oljeindustrien er nøkkelen til å bygge opp ein konkurransedyktig fornybar-industri.

Problemet no er berre at nedturen koronakrisa har skapt, kjem så raskt at kompetansen vil forsvinne utan nye oljeoppdrag – rett og slett fordi alternativa enno ikkje er på plass.

Les også
Hans K. Mjelva: Oljeselskapas skattetabbe

I salen på Stord Hotell sat to lokale stortingsrepresentantar, tidlegare ordførar Magne Rommetveit (Ap) og Liv Kari Eskeland (H), som mellom anna har jobba på Leirvik AS.

Den tredje stortingsrepresentanten var tilreisande: Sylvi Listhaug (Frp). Framstegspartiet og Senterpartiet støttar oljenæringas eigen pakke. Kampen for oljenæringa står no om å overtyde Arbeidarpartiet. Då blir det fleirtal.

Men Ap har flagga grøn omstilling høgt, medan LO og kystrepresentantane pressar på for oljenæringas skattepakke. Klima står mot olje, her òg.

Ap har gått langt i å seie dei vil støtte eit av hovudkrava til næringa, at skatteletten skal gjelde eitt år lenger enn i regjeringas forslag, ut 2022. Dermed kan dei to største utbyggingsprosjekta framover, Noaka og Wisting, kome inn under ordninga.

Partiet varslar ei rekke vilkår, som kutt i utbytte, elektrifisering av oljeplattformer og ei skattereform for fornybar-oppdrag til industrien.

Det store spørsmålet er om Ap vil støtte hovudkravet til oljeselskapa, at den såkalla friinntekta ikkje skal endrast.

Enkelt fortald vil oljeselskapa då kunne skrive av så mykje av investeringane på skatten at utbyggingane vil klare seg på langt lågare oljepris.

Det må bety at oljeselskapa fryktar at oljeprisen vil halde seg låg gjennom heile tiåret, eller i det minste at det er auka risiko for akkurat det.

I seg sjølv er det ei åtvaring om risikoen klimapolitikk og fornybar energi utgjer for oljenæringa. Det er ein risiko Stortinget ikkje kan oversjå.

Regjeringa varsla den grøne tiltakspakken same dag som dei la fram skatteforslaget for oljenæringa. Det var ikkje tilfeldig.

Signala frå Ap forsterkar inntrykket av at dei to sakene meir eller mindre vil smelte saman når Stortinget skal ta stilling til dei i juni.

Det vil ikkje nødvendigvis tene oljeselskapa.