https://premium.vgc.no/v2/images/bc188a99-ac8b-40bb-9317-5fedb38563de?fit=crop&h=1268&w=1900&s=1d20fd157a8ab13b9a2c5ecdecd41aa1e4f4a31d
Humaniora er eit av fagfelta som fort kan tape på det nye forslaget frå Ap, Frp og Sp.Foto: Hedvig Idås (arkiv)

BT meiner: Kva som er relevant nett no, bør ikkje styre norske universitet

Å gi pengar basert på studentar i relevant arbeid, er ein dårleg måte å drive universitet på.

by

Kva er eigentleg relevant arbeid for ein historikar, medievitar eller sosialantropolog?

Det kan bli eit høgst sentralt spørsmål i framtida, dersom eit fleirtal av Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet får viljen sin.

Dei tvingar no regjeringa til å legge fram eit nytt forslag til finansiering av høgare utdanning. Der skal nettopp tal på studentar i relevant arbeid etter studia vere eitt av kriteria.

Dette er eit dårleg kriterium av fleire årsaker.

Det mest openberre er nettopp problema med å definere kva som er relevant arbeid for ulike studium.

Alle veit at ein lærarjobb er relevant for ein lærarstudent. Men mange av universitetsutdanningane er mykje breiare, og kan kvalifisere for eit breitt spekter jobbar. Kva skal då definerast som relevant? I tillegg kan ein spørje seg om det er eit problem dersom lærarstudenten finn ein annan jobb enn lærar etter enda utdanning.

Meininga med å endre finansieringsordninga er å kunne tilpasse studietilbodet i Noreg meir til kva behov som finst i arbeidslivet. Dette er sjølvsagt viktig for at samfunnet går rundt, og blir allereie gjort ved at regjeringa øyremerker midlar til nye studieplassar innanfor visse retningar.

Men sjølv om det å utdanne mange med spesialisert fagkompetanse er fornuftig, risikerer ein også å få ein arbeidsstokk som er mindre fleksibel. Dette kan gjere folk mykje meir sårbare mot svingingar i økonomien, teknologiske nyvinningar og anna utvikling som gjer at arbeidsmarknaden endrar seg.

Til dømes var ingeniørutdanning lenge sett på som eitt av dei sikrast studia. Mange fekk jobb lenge før dei var ferdig studerte. Men då oljeprisen byrja å søkke i 2014, blei nettopp arbeidsledige ingeniørar eit fenomen.

Det illustrerer at å spå korleis arbeidsmarknaden blir i framtida, er ikkje lett. Det vil vere lite føreseieleg for universiteta dersom dei skal få ein økonomisk baksmell ut frå konjunktursvingingar verken dei eller andre såg kome.

Sist, men ikkje minst er det avgjerande at det finst eit visst sjølvstyre innanfor akademia. Det er lett å tenkje for snevert og kortsiktig om kva som er relevant kunnskap. Generell danning er også ein vesentleg del av høgare utdanning, som politikarane ikkje må falle for freistinga til å kutte.

No går saka tilbake til regjeringa, som må utarbeide eit forslag og sende det på høyring. Det er bra at det blir ein grundig prosess. Her må alle sider av eit slikt vanskeleg kriterium bli vurdert.