https://www.rbnett.no/incoming/article21911252.ece/bd44dn/ALTERNATES/w980-default/BB_jacobsen.jpg
– Folket langs Sunndalsfjorden har lidd nok no, skriv Bjørn Jacobsen (Molde SV) i dette innlegget.Foto: Bjørn Brunvoll
LESERINNLEGG

Staten, fjorden og folket

by

Ei av dei største miljøsakene i Norge får vi no til behandling i Molde. Som ei sak der vi skal tillate ei avkjøring på fylkesvegen ved Raudsand. Det er meininga å legge til rette for at 1 million 250 tusen tonn med avfall skal leggas oppå den gamle fyllinga i Bergmesteren.

Eg legg som politikar til grunn at dette kan vere starten på eit Nasjonalt Giftdeponi, fordi ein ikkje lar aktørane rydde opp etter seg, men lar dei få importere meir avfall til Raudsand og dermed skaffe seg økonomi til å ta i mot farleg avfall.

Det ville vore lett å godta ei avkjøring, men her startar og arbeidet mot etablering av Nasjonalt deponi for farleg avfall i Norge.

 

Staten ber oss som lokalpolitikarar å ta det politiske ansvar for hundretusenvis av tonn med farleg avfall som er blitt importert til Raudsand.

Staten ved rettsvesenet har dømt denne verksemda som miljøkriminalitet av verste sort. Det blei funnet bevist at tonn på tonn med farleg avfall blei importert og rapportert 31 gonger til Statens Forureiningstilsyn som handsama på forsvarleg vis. Det stemte ikkje og no sit eg og vi som lokalpolitikarar med ansvaret.

Staten ved Veidekke AS har latt det skure og gå i år ut og år inn på tross av at statsråd etter statsråd har sagt at dette er ikkje bra og nokken må rydde opp.

Staten ved Kommunaldepartementet godkjenner reguleringsplanen laga av vår tidlegare nabokommune Nesset utan å spørje Molde kommune kva vi synes. Det er tovegs kommunikasjon mellom det Høgre-styrte departementet og Høgre-styrte Molde kommune som opposisjonen ikkje får ta del i.

 

Staten ved Miljødirektoratet har gitt tillatelse til å fylle 1.250.000 m3, ikkje farleg avfall oppå møllestøvsekkene og skal i framtida ta stilling til Nasjonalt Giftdeponi.

Staten ved Miljødirektoratet seier dette om status for fjorden vår: «Indre deler av Sunndalsfjorden er sterkt til meget sterkt forurenset av miljøgifter som følge av utslipp fra aluminiumverk og tidligere gruvedrift.»

Deponi er avleggs. Deponiet vårt i Årødalen er stengt for lenge sia. Det har staten bestemt. Samme stat som no tillet ein million 250 tusen tonn oppå den gamle giftsuppa i Bergmesteren.

Hindre at avfall oppstår, ombruk, materialgjenvinning, energigjenvinning er melodien i avfallspolitikken. Vi har i dag ei regjering som ikkje gjer nok for å sette i verk denne politikken, men heller overlèt problema til oss lokalpolitikarar.

 

Derfor foreslår eg:

«Molde kommunestyre finner ikke å kunne godkjenne søknaden om midlertidig dispensasjon og rammetillatelse fordi:

1. Molde kommune finner det ikke tjenlig å fylle totalt ca. 1.250.000 m3 avfallsmasser oppå det gamle deponi 2 og med dette faller grunnlaget for søknaden bort.

2. Deponi 2 må sikres for utlaking av farlig avrenning for all framtid og det statlige ansvar for dette kommer fram gjennom staten sitt eierskap i Veidekke AS og generelt at når ingen kan rydde opp etter miljøskandaler må staten ta ansvar.

3. Molde kommune må ta hensyn til liv, helse og miljø og avslår alle planer om deponi. Folk som bor på Raudsand har hatt årevis med miljøplager fra deponiet og anlegget ved fjorden. Sunndalsfjordens dårlige miljøstatus er godt beskrevet av Miljødirektoratet. Staten sin godkjenning, ved Kommunaldepartementet, av reguleringsplanen for Nesset kommune, og Miljødirektoratet sin tillatelse til å deponere avfall tilsier ikke at Molde kommune skal gi tillatelse til mere deponi.»

 

Folket langs Sunndalsfjorden har lidd nok no. Raudsandfolket har hatt støv, støy og lukt som nabo i årtier. Fjordfolket har levd i usikkerheit for kva som skjer og vil skje med miljøet deira og fisken i fjorden. Næringsliv som turisme og landbruk lir under frykta for nye rundar med giftig avfall. Både folket og fjorden har fått nok av ein stat som ikkje bryr seg med miljø.

Bjørn Jacobsen, kommunestyrerepresentant SV

----------------------