https://premium.vgc.no/v2/images/eafba685-0d86-4076-bad9-89b75294450e?fit=crop&h=1212&w=1900&s=b2364b52cfdff8a9e9afc7e7ee1e2de0ce857794
Å opne opp for å sløse vekk verdifull kraft ved å subsidiere produksjon av kryptovaluta står fram difor som meiningslaust, skriv BT på leiarplass.Foto: Dado Ruvic / X02714

Bitcoin er bortkasta straum

Regjeringas forslag om å subsidiere produksjon av kryptovaluta bør stoppast.

by
  1. Leserne mener
    9
    Comments Icon

Datasenter er i ferd med å bli ei viktig næring internasjonalt. Sentra leitar etter billig straum, og mange av dei vil ha fornybar kraft. Noreg har difor ein stor konkurransefordel.

Datasenter kan skaffe viktige arbeidsplassar og inntekter rundt omkring i landet. Difor er det ei god investering at Stortinget har gjeve desse sentra nedsett straumavgift, på linje med den kraftkrevjande tungindustrien.

Utfordringa har vore at sentra òg kan brukast til produksjon av kryptovaluta, ein produksjon som er særs kraftkrevjande. Den gjev få arbeidsplassar og låg verdiskaping i høve til kraftforbruket.

I tillegg er resultatet av produksjonen eit reint spekulasjonsobjekt samfunnet ikkje treng.

Les også
Regjeringen snur etter omstridt avgjørelse: Krypto-datasentre slipper full elavgift

Difor var det høgst fornuftig at regjeringa i 2018 sa nei til å gje kryptovaluta-produserande datasenter låg straumavgift.

Men no vil regjeringa snu. Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) seier ho har lytta til bransjen. Ho meiner unntaket for kryptovaluta skaper uvisse om rammevilkåra.

Bransjen sjølv meiner unntaket skaper frykt hjå investorar for at politikarane skal finne på andre unntak i framtida. Det kan vere eit poeng. Stabile rammevilkår er viktig for all økonomisk verksemd.

Men trass i at ordninga har vart i to år, har det ikkje vore kjende døme på at Noreg har blitt vald vekk av slike grunnar. Noreg er kjend for stabilitet, og det er liten grunn til å tru at eit slikt unntak vil vere avgjerande for etablering av datasenter i Noreg.

Argumentasjonen blir ytterlegare svekka ved at bransjen sjølv har sterke økonomiske motiv for å snu regjeringa. Både kraftselskap og datasenter kan tene store pengar ved å tilby billig kraft til produsentar av kryptovaluta.

Prisen er det norske straumforbrukarar som får, ved at straumprisane går opp.

Tiåret vi er inne i vil krevje enorme mengder fornybar kraft, for å erstatte fossilt brensel i alt frå transport til industri. Krafta kan anten bli levert direkte, eller ved at den blir omgjort til andre energiberarar som hydrogen og ammoniakk.

Noreg har her ein unik sjanse til å skape ny næringsverksemd og nye inntekter.

Å opne opp for å sløse vekk verdifull kraft ved å subsidiere produksjon av kryptovaluta står fram difor som meiningslaust. Stortinget bør setje regjeringa på plass i denne saka, og seie nei til å subsidiere kryptospekulantane.