https://gfx.nrk.no/oHQvdrGOCVC5RBZ2rz3ITQQ2gp7qZEJe7ULe3DYMVwbQ.jpg
Aleksander Aamodt Kilde trudde ikkje han skulle ta sigeren da han køyrde over mål til leiing frå startnummer sju.
Foto: Giovanni Auletta / Giovanni Auletta

Kilde vann etter at trenarane måtte grave fram løypa: – Veldig etterlengta

Aleksander Aamodt Kilde måtte vente over to timar på toppen på start. Da trenarane og arrangørane endeleg fekk grave fram traseen tok Kilde sin fyrste verdscupsiger sidan 2018.

by

– I dag var det utruleg gøy å vinne. Eg må innrømme at det her er veldig etterlengta, seier ein svært fornøgd Kilde til NRK.

Kilde køyrde inn til leiing frå startnummer sju, men viste ingen teikn til sigersjubel.

27-åringen rista på hovudet etter eit par feil og såg ikkje ut til å tru at det kunne halde til ein etterlengta fyrsteplass.

– Det var eit spesielt renn og eg var veldig usikker da eg kom i mål. Men i dag gjekk det heldigvis min veg.

https://gfx.nrk.no/l5nc4M5dT-z5xLuvcxM-wgA0sy1VsyIk_QqL0yQIWi8g.jpg
Kilde tok sin fjerde verdscupsiger totalt og sin andre i super-G.
Foto: AFP / JOHANN GRODER

Kildes fjerde verdscupsiger

Ingen var i nærleiken av å ta frå Kildes fjerde verdscupsiger på startnummera etter i vanskelege forhold.

Rennet i Salbach-Hinterglemm blei utsett og utsett heile formiddagen. Mykje vind og snø gjorde det svært utfordrande for arrangørane. Det skulle opphavleg ha starta 11.00, men ikkje før 13.20 var startnummer ein i gang.

Etter over to timar med utsettingar skulle endeleg rennet starte, men da var det plutseleg for mykje snø i ein høgresving.

Da måtte også trenarane trå til for å rydde traseen.

https://gfx.nrk.no/IyvuM_Ql1oYBrGK1EagSzwnvw8mrNmQUPxLAIgcJL7gA.jpg
Det var hektisk aktivitet i bakken både frå løypemannskap og trenarar for å få løypa klar til start.

– Det var vanskeleg for arrangøren, med mykje vêr som varierer. Det blei eit greitt renn, men det er nok mange som har meiningar etter eit dag som det her. Det var ein slitsam dag, fortel Kilde som var svært glad for at det til slutt blei renn.

– Eg er jo superglad for at det blei renn, men håpar ikkje det blir mange renn som dette framover.

Tok over leiartrøya frå Kristoffersen

Kilde takla forholda best og vann 15 hundredelar framfor Mauro Caviezel, og 31 føre gårsdagens vinnar Thomas Dressen.

Det var hans fyrste siger sidan han vann i Val Gardena i desember 2018 og var derfor svært etterlengta.

– Det har vore veldig mykje nesten og fire fjerdeplassar blant anna. Det har jo gjort meg enda meir gira på å vinne. Det var viktig med siger i dag for totalcupen, super-G-cupen og ikkje minst for hovudet, seier Kilde

https://gfx.nrk.no/frVAv9tIPiTxMeZuvaanTQideHyvrcfOqS6ZJ0hCVWxA.jpg
Trass i fleire feil var Kilde raskast i super-G løypa i Salbach. Rennet skulle eigentleg blitt arrangert i Kina.

For Kilde tok over leiinga i samanlagtcupen frå Henrik Kristoffersen og leiar nå med 79 poeng på lagkameraten. Ned til franske Alexis Pinturault er det 100 poeng.

– Det er mange renn igjen. Henrik er ein rå idrettsmann som kan levere under press. Pintauralt blir nok med i kampen han også.

Fartsspesialisten frå Lommedalen tok også over leiinga i super-G-cupen med dagens siger.

Laster innhold, vennligst vent.. For å se dette innholdet, må du aktivere JavaScript i nettleseren din.