Sigrun Vågeng sluttar som Nav-sjef i august
Sigrun Vågeng (69) går av som Nav-direktør i august. Det er to månader før åremålet hennar går ut.
by Espen AlnesArbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng måtte tole krass kritikk då det blei avdekt at 78 personar kan vere feilaktig dømde fordi regelverket sidan 2012 har vore tolka feil.
Verken Nav, domstolane eller departementet klarte å fange opp feilen før i fjor haust. Det blei også arrangert open høyring i Stortinget om saka, og opposisjonen vurderte mistillit mot dåverande arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.
Frp er blant dei som har kravd at hendinga måtte få konsekvensar for Vågeng.
– Eg meiner delar av leiinga i Nav bør skiftast ut, sa stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) til NRK i november.
Og no har Vågeng sjølv informert arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen om at ho ønsker å gå av to månader før åremålet hennar går ut.
– Det er rett for meg å få avklart dette no, skriv ho i ei pressemelding.
Ferdig med EØS-saka
Åremålet til Vågeng går ut i oktober. Då fyller ho 70 år. Men ho meiner det vil vere det beste for Nav om å gjekk av litt tidlegare.
– Ved å seie frå i god tid håper eg å bidra til føreseielegheit for verksemda. Arbeidet med å finne etterfølgaren min er i gang, skriv ho.
Ho meiner ho snart er i mål med det ho skal gjere for å rydde opp etter trygdeskandalen.
– Til sommaren har eg gjort det eg har sagt eg skal gjere i EØS-saka, og direktoratet blir samla i nye lokale i august. Det er difor eit naturleg tidspunkt for meg å overlate ansvaret til ein ny direktør.
Vågeng har ikkje vore tilgjengeleg for NRK for ytterlegare kommentarar i dag.
Ho starta i jobben som Nav-direktør i 2015.