
Foto: Torgeir Fiskvik Sørensen
Rekordvarm januar i ni fylke
Ni fylke hadde rekordvarm januar, ifølgje Meteorologisk institutt. I tillegg har det blitt sett 30 nedbørsrekordar over store delar av landet.
by Espen AlnesÅret har starta både mildt og vått i store delar av landet. På fleire av landets eldste målestasjonar er det gjort rekordmålingar, melder Meteorologisk institutt.
Særleg i Trøndelag og Innlandet står rekordane for fall. I begge fylka har seks målestasjonar sett rekord for høgaste gjennomsnittstemperatur no i januar.
Men alle i fylka frå Trøndelag og sørover har det blitt registrert temperaturtoppar som ikkje har blitt registrert i januar tidlegare.
Nedbørsrik
Januar er normalt ikkje den våtaste månaden, men fleire stader har det likevel opplevd rekordstore nedbørsmengder ved inngangen av det nye året.
Det er særleg i Nord-Noreg, Trøndelag og på Vestlandet det har kome mange nedbørsrekordar.
Ein av målestasjonane som har sett nedbørsrekord er Bøverdal i Lom. Der har dei målt nedbør og temperaturar sidan 1911, og den førre januarrekorden blei sett i 1916.
– Det er oppsiktsvekkande at det blir sett slike rekordar ved målestasjonar som har vore i drift i over 100 år, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.
I nord har nedbøren stort sett kome som snø, medan ein i låglandet i sør og vest har opplevd at nedbøren som ofte kjem som snø på denne tida av året, denne gongen har kome som regn.

Foto: NRK
Ein tendens
Det er mykje som tyder på at vi må innstille oss på fleire milde og snøfattige vintrar i framtida, trur Gislefoss.
– Dette er noko vi må venne oss til. I låglandet i sør vil ein også kunne oppleve snøfrie vintrar enkelte år.

Foto: Anne Margrete Hafstad
Med klimaendringane blir det stadig varmare. Den globale oppvarmings kjem i til dei naturlege variasjonane, og gjer at temperaturtoppane blir høgare. Men både temperaturar og nedbør vil variere frå år til år
– Det blir årlege variasjonar i vêret, der det kjem vintrar med temperaturar og nedbør som vi forbind med norsk vinter. Men tendensen er at vinteren oftare blir mild og regnfull, seier Gislefoss.