https://gfx.nrk.no/YwVF0zWbh9idDO3Mfr1O7QmVBjP2tjWymwSZmyVv6zWQ.jpg
Frida Karlsson sto over verdscuprenna på Lillehammer i helga med sjukdom. Nå får 20-åringen heller ikkje gå i Davos til helga.
Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Karlsson får startnekt: – Krevjande å bli superstjerne på kort tid

Svenskanes nye skiyndling Frida Karlsson (20) stå over fleire verdscuprenn. Karlsson har som Ingvild Flugstad Østberg ikkje oppfylt landslagets helsekrav.

by

Det kjem fram i ei pressemelding frå det svenske Skiforbundet mandag ettermiddag.

Det er resultata Karlsson fekk på ein helsekontroll sist veke som gjer at ho ikkje får lov å konkurrere.

– Det samanfatta bilde etter kontrollen gjer at ho må trene mindre ein periode og ikkje konkurrere, seier landslagslege Magnus Oscarsson til NRK.

Dagbladet omtalte saka fyrst.

Karlsson: – Er veldig trist og lei meg

NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn meiner dette ikkje er uventa.

– Det har ligge i korta lenge. Helsa må kome fyrst. Det er krevjande å takle overgangen frå å vere anonym i ski-Sverige til å bli superstjerne på kort tid, seier Bjørn.

Helsekontrollen er rutinemessig og var planlagt. Forbundet opplyser ikkje kva slags helsekrav Karlsson ikkje har bestått.

– Det er ei sak mellom Frida og landslagets medisinske apparat, og ingenting me kjem til å gje opplysningar om, seier Oscarsson.

https://gfx.nrk.no/8T4Er-ZiRFE__cC27l6KBQdjnty0yLwtYR0wdrfxO9jg.jpg
Frida Karlsson slo gjennom med eit brak i VM i Seefeld i vinter. Nå får verken heller sølvvinnar Ingvild Flugstad Østberg gå renn i verdscupen.
Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix

Skulle utfordre Johaug

Karlsson var svenskanes store håp denne sesongen etter å ha sjokkert skiverda med tre medaljar i VM-debuten som junior i Seefeld.

Sjølv har ho uttalt det store målet i år var Tour de Ski og at ho drøymer om å kome fyrst til topps i den avsluttande monsterbakken.

I helga stod Karlsson over verdscuprenna på Lillehammer med forkjøling. Sjølv synest 20-åringen det er tungt å måtte stå over enda fleire verdscuphelger.

– Eg er veldig trist og lei meg. Det er lett å stresse, men ein må sjå langsiktig. Eg skal gjere alt eg kan for snart å vere tilbake i sporet, samtidig som eg vil halde på i mange år framover, seier Karlsson i pressemeldinga.

Mor Mia Karlsson seier til SVT måndag kveld at dottera nå ser framover.

– Situasjonen er under kontroll og Frida ser framover, seier Karlsson.

https://gfx.nrk.no/oqkV-q_76g5iQwUikoiRjAZp2zUTavnje3RmBcKNhw_w.jpg
Ekspertane trudde på førehand det ville bli ein Johaug/Karlsson duell i verdscupen. Den er utsett på ubestemt tid.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Bjørn: – Treng ro rundt seg

Landslagslege Oscarsson fortel at ho i tillegg til å ikkje få konkurrere også må roe ned på treninga.

– Frida er veldig målbevisst og ambisiøs som vil mykje med idretten sin. Det har heilt enkelt blitt litt for intensivt og for mykje. Nå må ho ta eit steg tilbake for å få balanse. Helsa er alltid viktigare enn idrettsleg prestasjonar, seier Oscarsson.

Torgeir Bjørn meiner stortalentet har godt av ro rundt seg framover og veit ho får god støtte av mor Mia Karlsson, som også var utøvar på toppnivå.

– Det er bra at helseteama i både Noreg og Sverige tek ansvar for den enkelte løpar og enkeltmenneske. Både Karlsson og Østberg er positive og ivrige typar som har høge ambisjonar. Det er fort gjort å bli for ivrig, men begge kjem sterkt tilbake, seier Bjørn.

https://gfx.nrk.no/1P862LhskKVBHRVqFS98XQjFHzgSlzV2UVbZHZwQZmCg.jpg
Torgeir Bjørn er ikkje overraska over at Frida Karlsson nå må stå over fleire verdscuprenn.
Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK

Veit ikkje når Karlsson er tilbake

Det er uklart kor lenge Karlsson vil vere borte frå verdscupen. Nå skal ungjenta trene mindre og få oppfylgjing av helsekontrollane landslaget har for å ta vare på helsa til utøvarane.

– Me vil ikkje spekulere i når ho er tilbake. Ho skal ikkje kjenne på noko press om at ho skal vere tilbake i eit spesielt renn. Me reknar med at ho er tilbake i sesongen, men når kan me ikkje seie nå, seier Oscarsson.

Sverige har også Ebba Andersson ute med kneskade. Dermed manglar Therese Johaugs tre tøffaste konkurrentar frå i fjor i verdscupen framover. Karlsson, Andersson og Ingvild Flugstad Østberg.

Østberg ikkje med til Davos

Østberg fekk som kjent startnekt før sesongen, av same grunn som Karlsson, helsesjekken blei ikkje godkjent. 29-åringen får framleis ikkje lov til å konkurrere.

Det norske uttaket til dei neste verdscuprenna i Davos kom i dag, utan namnet til Gjøvik-jenta.

Frida Karlsson sto over helgas renn på Lillehammer, men gjekk verdscupopninga i Ruka. Ho reiste heim frå Finland med ein 8.-plass som beste resultat.

https://gfx.nrk.no/-iCChmT4Ap-kxMG-ig34QQbU0MJa0svy8hVli9BeSm-g.jpg
Karlsson har i mange år blitt sett på som eit stort talent, men fekk ikkje gå i verdscupen før rett VM sist vinter. I debuten i Cogne gjekk ho rett inn blant dei ti beste.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

I den svenske opninga i Gällivare i november vann Karlsson begge distanserenna, og såg ut til å bli Therese Johaugs største konkurrent denne sesongen.

I fjor fekk 20-åringen sitt store gjennombrot da ho tok både individuelt sølv og bronse i VM i Seefeld, i tillegg til gull på stafetten.