https://images.sacdn.no/v2/images/2c1ddbb5-9f0a-41da-8a16-cdfa5798b027?fit=crop&h=1267&w=1900&s=fd79688d54e0875e81ca1c30339532888ce6185d
KOPI: I fjor gjorde Vebjørn Turtveit det skarpt nok til å få sjansen til å gå verdscup på Lillehammer. Han håpar på ein ny sjanse i år.Jon Olav Nesvold / BILDBYRÅN NORWAY

Voss-løparen håper på ny verdscupsjanse: – Eg likar det presset

Vebjørn Turtveit er best når noko står på spel. No er det ein plass i verdscupen det står om.

by

Utgangspunktet er godt. Grovjobben vart gjort på Beitostølen for ei veke sidan. No gjeld det berre å stadfesta form.

– Signalet vi fekk, var at Beitostølen skulle telja mest, men eg kan ikkje drita meg ut heller. Eg siktar mot ein plass på pallen, seier Turtveit.

Han er på Gålå, nokre mil nord for Lillehammer, for å gå norgescuprenn. Mens verdseliten skal til å slåst om sesongens første poeng i Ruka, er det ein plass i det gjevaste selskapet som ligg i potten for dei som er att på heimebøen. Ei handfull plassar er ledige i den nasjonale kvoten til neste helgs verdscupkonkurransar på Lillehammer. Vebjørn Turtveit ligg godt an i løypa til å kapra ein av dei.

Les også
Hordalending pustet lettet ut - øyner sjanse i verdenscupen

https://images.sacdn.no/v2/images/bfe1331d-a4dc-4454-94cb-b894b9a08d38?fit=crop&h=1267&w=1900&s=2b21d0eb5dc04b4cd0f83a403240bee1ab2e1137
SATSAR: Vebjørn Turtveit set mykje inn på å ta steget heilt opp i verdseliten. Her frå ei knallhard økt i sommar.Rune Sævig

2018-kopi?

Fredag går han 15 km klassisk i Gålå-løypene , nesten 1000 meter over havet like sør for Vinstra. Søndag er distansen den same, men stilarten er skøyting. I tilsvarande renn i fjor tok vossingen andre- og tredjeplass - og vart løna med verdscupstart nettopp på Lillehammer. Oppnår han noko liknande denne gongen, er han heilt sikker på å få ein ny sjanse i OL-byen om ei veke.

https://images.sacdn.no/v2/images/84c3faf1-d985-4769-abe1-7fc43fc510dc?fit=crop&h=1267&w=1900&s=e6f9070a5bd040b6d3fb373d270137324d864906
I TOPPEN: Vebjørn Turtveit hadde nesten berre etablerte landslagsløparar framfor seg på Beitostølen sist helg, og fleire av dei etablerte hamna bak han.Rune Sævig

– Eg likar det presset som ligg i at eg er nøydd til å prestera. Eg har ikkje like lett for å fyra meg opp til eit testrenn, seier Turtveit.

Det er dugande løparar, mange av dei han konkurrerer mot denne helga. Klæbo, Krüger, Tønseth og Holund er sant nok i dei finske skogane på verdscuptur, men Niklas Dyrhaug og Mattis Stenshagen representerer landslaget på Gålå.

– Bak dei er det veldig mange gode løparar å bryna seg på, fortel Vebjørn Turtveit og peikar på Martin Løwstrøm Nyenget, Daniel Stock og Eirik Augdal som nokre av dei aller mest skarpskodde. Førstnemnde fekk ei framifrå sesongopning med sjette- og andreplass på Beitostølen.

Les også
Hordalending pustet lettet ut - øyner sjanse i verdenscupen

Austpå på tredje veka

Vebjørn Turtveit vart åttar i klassiskrennet, slått med godt over minuttet av vinnaren, Didrik Tønseth. I skøyting var han betydeleg nærmare, 24,4 sekund bak dagens raskaste, Simen Hegstad Krüger. På plassen framfor seg hadde han sambygdingen Sjur Røthe.

– Men han datt, understrekar Turtveit.

25-åringen har investert mykje i denne sesongen. Han trenar nett like mykje som landslagsløparane, og er tvers gjennom seriøs i alt han gjer. Då er det viktig for han at han opplever at han får att for innsatsen.

No er han på Austlandet på snart tredje veka. Treningstilhøva her er langt betre enn heime på Voss.

Dilemma

– Det har kome 30–40 cm snø, og her på arenaen er det rundt sju minus. Tilhøva er heilt framifrå, seier Turtveit. Han er ein del av eit lokalt satsingslag under Norges Skiforbund. Til saman er dei ni løparar på Gålå. Rundt seg har dei smøreteam, skitestarar og sekundantar. Far til Vebjørn, Trygve, er ein del av støtteapparatet.

Turtveit melder om stigande form. Han kjende seg tung i dagane før renna på Beito. Han trenar med meir overskot no enn han gjorde i sommar og i haust. Dilemmaet for ein som aspirerer til ein plass på landslaget, er at han må vera god ikkje berre i uttaksrenn, men også må visa seg tilliten verdig når han får tillit.

  1. Sjur Røthe
  2. Langrenn
  3. Norges Skiforbund
  4. Lillehammer